Currently No Video Available
Clean Lyric
Paragraph Lyric
Så grå var ingen vår vel før
Som våren i år
Det er som om sjølve ljoset blør
Av hemmelege sår
Sola skinner, men i vinterblåst
Den kuldsker også den
Ein likkvit flekk av sjelefrost
Har merka land og menn
Det isnar over skog og myr
Grått ligg land og hav
Det er som med kvar dag som gryr
Dei daude steig av grav
Ja, det er våren frå i fjor
Som spøkar, går igjen
Bleik, blodig og dødningsflor
Ja, det er atter den
Dei møter oss så bitter kjent
Den vårens bleika drag
Dei stirar på oss ufråvendt
Kvar ny og bitter dag
Det mørknar kveld, det grånar gry
Så bleikt og utan smil
Det er som kvar dag på ny
Den niande april

Ein vår som ingen sumar fekk
Skal frelaus gå igjen
Som gjenferd bakom ord og blikk
Hjå alle norske menn
Men denne bleike gjenferdsvår
Står brennande i knopp
Med arr ved arr, med sår ved sår
Som dagleg spring opp
Hald ut, hald ut, blir alder trøytt
La bak kvart knoppet arr
Vår framtid bruse sumarheit
Frå hjartas offerkar
Til dagen kjem, timen slår
Er kvar dags doven kvil,
Kvar dag du feig og motlaus går,
Ein niande april
Så grå var ingen vår vel før   Som våren i år   Det er som om sjølve ljoset blør   Av hemmelege sår   Sola skinner, men i vinterblåst   Den kuldsker også den   Ein likkvit flekk av sjelefrost   Har merka land og menn   Det isnar over skog og myr   Grått ligg land og hav   Det er som med kvar dag som gryr   Dei daude steig av grav   Ja, det er våren frå i fjor   Som spøkar, går igjen   Bleik, blodig og dødningsflor   Ja, det er atter den   Dei møter oss så bitter kjent   Den vårens bleika drag   Dei stirar på oss ufråvendt   Kvar ny og bitter dag   Det mørknar kveld, det grånar gry   Så bleikt og utan smil   Det er som kvar dag på ny   Den niande april      Ein vår som ingen sumar fekk   Skal frelaus gå igjen   Som gjenferd bakom ord og blikk   Hjå alle norske menn   Men denne bleike gjenferdsvår   Står brennande i knopp   Med arr ved arr, med sår ved sår   Som dagleg spring opp   Hald ut, hald ut, blir alder trøytt   La bak kvart knoppet arr   Vår framtid bruse sumarheit   Frå hjartas offerkar   Til dagen kjem, timen slår   Er kvar dags doven kvil,   Kvar dag du feig og motlaus går,   Ein niande april