Currently No Video Available
Clean Lyric
Paragraph Lyric
Det kom som lynnedslag, gjekk som skred
Den gangen det slo oss ned
Det overmektige mange
No går det langsamt - Atter vår
Og Noreg er ein fangegard
Kvar nordmann er ein fange
Usynleg piggtråd tett i tett
Spent ut i eit forgreina nett
Om skritt, om ord, om tankar
Ja, du kan sitta fast ein dag
Om berre dine hjarteslag
For openhjartig bankar
Kvar nordmann er i fangeskap
For den som har med ærestap
Kjøpt friteikn frå tyrannen
Er ikkje nordmann meir,
Men sjølv
Ein vaktar
Eller vaktars trell
Med trellens teikn i panna
Men dei skal hugsast - Bli ein sum
Som kviler i oss, tung og stum
Og vel kan overmakta
Få lært ein modig fot å gå,
Men alder norske hjarter til å slå
I denne fengselstakta
Det kom som lynnedslag, gjekk som skred   Den gangen det slo oss ned   Det overmektige mange   No går det langsamt - Atter vår   Og Noreg er ein fangegard   Kvar nordmann er ein fange   Usynleg piggtråd tett i tett   Spent ut i eit forgreina nett   Om skritt, om ord, om tankar   Ja, du kan sitta fast ein dag   Om berre dine hjarteslag   For openhjartig bankar   Kvar nordmann er i fangeskap   For den som har med ærestap   Kjøpt friteikn frå tyrannen   Er ikkje nordmann meir,   Men sjølv   Ein vaktar   Eller vaktars trell   Med trellens teikn i panna   Men dei skal hugsast - Bli ein sum   Som kviler i oss, tung og stum   Og vel kan overmakta   Få lært ein modig fot å gå,   Men alder norske hjarter til å slå   I denne fengselstakta
 
RELATED SONGS
RELATED ARTICLES